Digipost
Ofte når ein manglar ein faktura, så handlar dette om at fakturaen er blitt sendt til digipost (di digitale postkasse) i staden for di vanlege postkasse. Kommunekassa har vore i kontakt med digipost, som opplyser om at dei som opprettar ein konto på digipost, godtek ein at det offentlege kan sende brev som t.d. faktura her.
Om du ikkje ønskjer å få offentlege brev og faktura i di digitale postkasse, må du reservere deg. Dette er ei personleg sak, som kommunen ikkje kan gjere for deg. Her finn du ein rettleiar for korleis du går fram for å reservere deg:
Reservasjon mot digital post
Har du problem, kan du ringe tlf: 800 30 300
Andre spørsmål om digipost, får du svar på her:
Norge.no - Digipost
Avtalegiro/e-faktura
Vi får også ei god del spørsmål om kvifor ein ikkje kan sjå faktura i nettbank når ein har avtalegiro. Svaret vi fekk frå banken var at det ikkje er ei slik visning av faktura ved avtalegiro i nettbank, men at ein kan gå inn på avtalen og hake av at ein ynskjer kopi av faktura tilsendt i postkassa.
Ved e-faktura er det ingen problem med å få opp faktura i nettbank, denne løysinga fungerar fint i nettbank.
Om du har fleire spørsmål knytt til dette, kan du kontakte din private bank.