Vedteken plan: Detaljregulering for næringsområde i Barstadvika - Aquagen

Klikk for stort bilete

  Ørsta kommunestyre har vedteke detaljregulering for næringsområde i Barstadvika.

Planen legg mellom anna til rette for auka utnyttingsgrad og utviding av eksisterande næringsområde. Føremålet vert endra frå industri til næring BN (kontor, industri, handverk- og lagerverksemd), i tillegg til areal til molo, skjerming av småbåthamn og sikring av areal til ein eksisterande badeplass.

Den vedtekne planen er bindande innanfor planområdet, for alle arbeid og tiltak som er nemnde i §§ 20-1 og 20-2 i pbl. Det same gjeld frådeling og annan bruk som kan vanskeleggjere gjennomføringa av planen.

Planinformasjon og dokument er tilgjengeleg på:

Kommunekart – Plankart på mobil

Webplan – Plandokument på mobil

Planinnsyn – Kartløysing og plandokument på PC

Plandokumenta finn du også ved å gå til kommunen sin kartportal www.ørstakart.no  (under «planar til høyring»). Dersom de ønskjer å få tilsendt dokumenta på papir, kan de vende dykk til plan- og miljøavdelinga.

Vedtaket kan påklagast av partar med rettsleg klageinteresse innan tre veker. Ei ev. klage må vere grunngjeven og skal stilast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, men skal sendast som brev eller e-post til Ørsta kommune for førebuande klagehandsaming