AKTUELT NO:

Alt om korona  |  Bestill koronatest  |  Koronavaksinering  |  Influensavaksinering​​​​​​​

Vedteken plan: Detaljregulering for Farkvamen barnehage

Ørsta kommunestyre har i møte 04.11.2021 vedteke detaljregulering for Farkvamen barnehage. 

Planen legg til rette for ei oppdatering av plangrunnlaget i samsvar med eksisterande situasjon og å gje moglegheit for framtidig utvikling.

Den vedtekne planen er bindande innanfor planområdet for alle arbeid og tiltak som er nemnde i pbl § 1‐6.

Planinformasjon og dokument er tilgjengeleg på: 
Kommunekart – Plankart på mobil 
Webplan – Plandokument på mobil 
Planinnsyn – Kartløysing og plandokument på PC 

Plandokumenta finn du også ved å gå til kommunen sin kartportal www.ørstakart.no (under «planar til høyring» og «nyleg vedtekne planar»).

Vedtaket kan påklagast av partar med rettsleg klageinteresse innan tre veker. Ei ev. klage må vere grunngjeven og skal stilast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, men skal sendast som brev eller e-post til Ørsta kommune for førebuande klagehandsaming. Vi ber om at ei ev. klage vert merka med saksnummer 19/10085. Du kan lese meir om klageprosessen på kommunen sine heimesider

Følg oss