Vedteken plan: Detaljregulering for B9 på Ose

Klikk for stort bilete

Ørsta kommunestyre vedtok i møte 07.05.2020 detaljreguleringsplan for område B9 på Ose

Planen legg mellom anna til rette for om lag 73 nye bueiningar fordelt på konsentrerte småhus, kjedahus og lågblokker, samt ny samleveg til nedre del av Osgeila.

Planinformasjon og dokument er tilgjengeleg på: 
Kommunekart – Plankart på mobil 
Webplan – Plandokument på mobil 
Planinnsyn – Kartløysing og plandokument på PC 

Plandokumenta finn du også ved å gå til kommunen sin kartportal www.ørstakart.no (under «planar til høyring»). Dei som ønskjer å få tilsendt dokumenta i papirutgåve, kan de vende seg til plan- og miljøavdelinga. 

Godkjend plan er bindande innanfor planområdet, for alle arbeid og tiltak som er nemnde i §§ 20-1 og 20-2 i pbl. Det same gjeld frådeling og annan bruk som kan vanskeleggjere gjennomføringa av planen. 

Vedtaket kan påklagast av partar med rettsleg klageinteresse innan tre veker. Ei ev. klage må vere grunngjeven og skal stilast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, men skal sendast som brev eller e-post til Ørsta kommune for førebuande klagehandsaming. Vi ber om at ei ev. klage vert merka med saksnummer 19/10055. Du kan lese meir om klageprosessen på kommunen sine heimesider