Varsel om utviding av planområde for detaljreguleringsplan for område B9 på Ose

Klikk for stort bilete

Per Mulvik AS varslar, på vegner av Tømrer Prosjekt AS, utviding av planområdet for detaljreguleringsplan for område B9 på Ose.

I medhald av Pbl § 12-8 og 12-10 kunngjer ein med dette utvida varsel om oppstart av detaljregulering for område B9 m.m på Ose i Ørsta kommune. Det varslast også om oppstart av forhandling om utbyggingsavtale i medhald av Pbl. §17-4. Forslagsstillar er Tømrer Prosjekt AS med Per Mulvik AS som plankonsulent.

Målet med planarbeidet er å følgje opp intensjonen i kommuneplanen om konsentrert bustadbygging innanfor B9 samt stenginga av krysset Osgeila/Melsvegen med ny tilknyting til Melsvegen via B9. Her vurderast alternativ til linjeføringa i kommuneplanen.

Det vurderast også ny vegtrasè mellom Osvegen og Melsvegen sør for gbnr.47/361 og om gbnr.47/25 og 47/47 bør regulerast til kvartalsleikeplass i samsvar med etablert bruk.

B9, som omfattar gbnr.47/371 m.fl., er i kommuneplanen avsett til framtidig bustadområde, medan Osgeila og tilgrensande bustadeigedomar er omfatta av «Reguleringsplan for Ose – RTK-7303» av 1975.

Nytt planområde utgjer om lag 37,1 daa som kan bli justert undervegs. Plangrensa er vist i kartutsnittet.

Saman med kommunen har ein i medhald av Pbl § 4-2 vurdert planforslaget til ikkje å skulle konsekvensutgreiast.

Naboar, grunneigarar og offentlege instansar vert varsla i eige skriv. For meir informasjon kan ein kontakte
- Per Mulvik AS v/Jan Magnus Ose - tlf.70074994 -e-post: jan@mulvik.no.
- Tømrer Prosjekt AS v/Henning Heltne – tlf.93212702 – e-post: henning@mesterhussunnmore.no
- Ørsta kommune v/Matias Kårstad – tlf.70049791 – e-post: matias.karstad@orsta.kommune.no

Planinformasjon og dokument er tilgjengeleg på:

Lenke til varslingsbrev med kartutsnitt og øvrige vedlegg er også å finne på www.ørstakart.no, under "planar til høyring".

Eventuelle merknader/innspel til planarbeidet merkast med «Detaljplan B9 – Ose, planID: 2018002» og sendast anten som e-post til: jan@mulvik.no eller som brev til: Per Mulvik AS, Holmen 7, 6100 Volda.

Frist for merknader/innspel: 04.03.2019

Fann du det du lette etter?