Varsel om privat planarbeid: Detaljreguleringsplan for Sætre fjordutsikt

Varsla planområde - Klikk for stort bilete AG Plan- og arkitektur AS

AG Plan- og arkitektur AS har varsla oppstart av arbeid med detaljreguleringsplan for Sætre fjordutsikt, gnr/bnr 11/21 m/fl.

Målet med planarbeidet er å leggje til rette for omdisponering av eksisterande fabrikkbygning og eigedomen
elles til bustadføremål. Det er planlagt eit leilegheitsbygg med inntil 15 bueiningar. Bustadtomt aust for
fabrikkbygningen er teken med då det er gjort avtale om makebyte vedkomande plassering av grense
mellom eigedomane.

Planområdet er lokalisert ved Hagevegen på Sætre.

Tilknyting til offentleg veg er tenkt frå tilstøytande vegar. I gjeldande reguleringsplanar er berre vegareal vist.
I kommunedelplanen sin arealdel er området definert som næringsbebyggelse og bustadbebyggelse.

Planområdet gjeld eigedomar vist på kartutsnittet. Arealet omfattar om lag 9 daa.

Aktuelle reguleringsføremål er bustadføremål som blokkbusetnad og frittliggjande småhusbusetnad og
tilhøyrande føremål som leikeplass, parkering, fortau m.m. Arealføremål knytt til veg vil også inngå og ulike
omsynssoner. Fleire føremål kan kome til undervegs i reguleringsprosessen.

Tiltaket er vurdert til å vere av ein slik karakter at det ikkje er naudsynt med planprogram og/eller KU etter
PBL §§ 4-1 og 4-2.

Tiltakshavar er Leilighetsbygg AS. Arbeidet vert utført av AG Plan og Arkitektur AS.

Grunneigarar, off. mynde og organisasjonar vert varsla i eige skriv. Varslingsdokumenta er tilgjengelege i planinnsynet eller www.ørstakart.no under "planar til høyring".

Innspel til reguleringsarbeidet skal vere skriftlege og sendast til AG Plan- og Arkitektur AS innan 20.11.2018

Epost: firmapost@agplan.no

Postadresse: Webjørn Svendsen gate 12, 6150 Ørsta.

Fann du det du lette etter?