Varsel om oppstart av forhandlingar om utbyggingsavtale

Klikk for stort bilete Per Mulvik AS

I medhald av plan- og bygningslova § 17-4 vert det varsla oppstart av forhandlingar om utbyggingsavtale knytt til reguleringsplanen "Detaljreguleringsplan for bustadar ved Vikeelva gbnr. 14/711, 14/272 m.fl.".

Vedlagt følgjer kopi av plankart. Planinformasjon og dokument er tilgjengeleg på: 
Kommunekart – Plankart på mobil 
Webplan – Plandokument på mobil 
Planinnsyn – Kartløysing og plandokument på PC 

Utbyggingsavtalen gjeld utbygging og overtaking av kommunaltekniske anlegg for veg, vatn og avløp for planområdet.

Merknader til varsel om oppstart kan merkast med saksnummer 20/2509 og sendast til postmottak@orsta.kommune.no