Varsel om oppstart av detaljregulering for Ørsta kompetanse- og kultursenter

I medhald av plan- og bygningslova §12-8 varslar Møre og Romsdal fylkeskommune oppstart av detaljreguleringsarbeid for nye Ørsta vidaregåande skule og nytt kulturhus.

Området omfattar omkringliggande grøntareal, parkeringsareal og Barnas Vel barnehage. Planen blir utarbeidd i samsvar med plan- og bygningslova §3-7, §12-3 og §12-10 i samarbeid med Ørsta kommune som planmyndigheit, Møre og Romsdal fylkeskommune som tiltakshavar og Norconsult AS som plankonsulent.

Planområde Ørsta kompetanse- og kultursenter - Klikk for stort biletePlanområde Ørsta kompetanse- og kultursenter 

Formål med planarbeidet

Føremålet med planarbeidet er å få formelt grunnlag for å bygge ny vidaregåande skule med kompetanseklinikk for tannhelse og fleire andre funksjonar, samt nytt kulturhus. Planen skal også vise løysingar for parkering, infrastruktur og grøntareal både i tilknyting til skulen, men også til «utdanningsbandet» som er vist i Ørsta kommune sin utviklingsplan. Planområdet inkluderer hotellet for å sikre god kopling frå nytt kulturhus. Barnas Vel barnehage inngår for å kunne ivareta eventuelle behov for utviding av denne. Som ledd i planarbeidet skal det vidare vurderast om eigedomane 15/911 og 15/217 skal regulerast til undervisingsformål i tråd med områderegulering eller regulerast til bustadformål i samsvar med dagens bruk.

Området skal vere eit attraktivt område for Ørsta kommune sine innbyggjarane, og skal invitere til aktivitet og opphald for ulike aldersgrupper til ulike tider av døgnet.

Planstatus

Planarbeidet vil bygge på føringar frå områdeplanen for Ørsta sentrum (plan-id: 2015009),  utviklingsplanen for Ørsta utarbeidd av Tegnestuen Felt i 2016, brukarmedverknad knytt til uteområde Ørsta VGS 2018/2019 utarbeidd av Norconsult og skissekonsept-prosjekt som er planlagt gjennomført av Møre og Romsdal fylkeskommune vinteren 2021.

Reguleringsformål

Det aktuelle planområdet er i områdeplanen for Ørsta sentrum regulert til undervisning (BU), barnehage (BBH), anna tenesteyting (BAT), forsamlingslokale (BFL), parkering (SPP), park (GP), og gang- og sykkelveg (SGS). Detaljreguleringsplanen vil utfylle føringane i områdeplanen og det er ikkje tenkt å endre hovudtrekka i områdeplanen. Detaljreguleringsplanen vil vise planlagde bygg, høgde og takform, grep i høve estetikk, leikeareal, uteareal, avkøyrsle og trafikk- og gangareal kring bygningane.

Vurdering av krav om konsekvensutgreiing (KU)

Med bakgrunn i Forskrift om konsekvensutredninger, er det av Ørsta kommune vurdert at tiltaket ikkje utløyser krav om konsekvensutgreiing då planen som utgangspunkt skal vere i samsvar med overordna plan. 

Planprosess

Dette er i første omgang eit varsel om at planarbeidet er starta opp. Har du opplysningar eller synspunkt som er viktige å ta høgde for i høve planarbeidet ber vi om at desse vert sendt til Norconsult.

Når det er utarbeidd eit forslag til reguleringsplan vil denne bli lagt ut til offentleg ettersyn i minimum 6 veker. Dette vil bli annonsert i Møre Nytt, og grunneigarar og aktuelle myndigheiter vil bli varsla per Altinn/brev/e-post. Ved offentleg ettersyn vert planen lagt ut på kommunen si heimeside og det vil då vere moglegheiter for å sjå på løysingane i planen og kome med meir konkrete innspel.

Merknadar

Merknadar sendast anten via Altinn, e-post til Pernille Ibsen Lervåg (pernille.ibsen.lervag@norconsult.com) eller pr. post til Norconsult: Norconsult AS, Retirovegen 4, 6019 Ålesund.

Merknadsfrist 19.03.21