Varsel om offentleg ettersyn – detaljreguleringsplan på høyring – E39 Hovden-Osborg

NVDB, Geovekst, kommunene og Open Street Map contributors (utenfor Norge) - Klikk for stort bileteNVDB, Geovekst, kommunene og Open Street Map contributors (utenfor Norge)

Statens vegvesen har i samarbeid med Ørsta kommune laga eit forslag til reguleringsplan. Formannskapet i Ørsta kommune vedtok i møte 28.08.2018 (PS 70/18) å legge forslag til reguleringsplan for E39 Hovden - Osborg ut til offentleg ettersyn. Planen ligg ute til offentleg ettersyn til 22. oktober 2018, og vi ber om eventuelle merknader til planen.



Kvar er planen tilgjengeleg?

Planen er tilgjengeleg hjå Statens vegvesen i Hovdebygda og på Ørsta rådhus, og kan også lastast ned frå https://www.vegvesen.no/vegprosjekter.
 

Kontordag

Statens vegvesen arrangerer i lag med Ørsta kommune ein kontordag på Ørsta rådhus for å informere meir om reguleringsplanen og svare på spørsmål 20. september frå kl. 14 til kl. 18.
Vi oppmodar om at du tek kontakt med prosjektleder Bjarne Otnes på bjarne.otnes@vegvesen.no eller på telefon 915 96 745 for å avtale tid.
 

Vi ber om merknader til planen

Fristen for å sende merknader til reguleringsplanen er 22. oktober 2018. Send merknadene skriftleg til firmapost-midt@vegvesen.no. De finn meir informasjon om den formelle planprosessen i sjølve reguleringsplanen.

 

Kort om planen

Reguleringsplanen for «E39 Hovden-Osborg» bitt saman planlagt gang- og sykkelveg for strekninga «E39 Osborg-Ose» vedtatt i 2014 med gang- og sykkelvegen regulert i planen for «Flyplassområdet og delar av Hovdebygda» frå 2011. Fullt utbygd gir dette samanhengande gang- og sykkelveg frå Furene til Ørsta sentrum.

Planen viser fleire tiltak som vil forbetre trafikktryggleiken på strekninga. Sjølve gang- og
sykkelvegen vil også gi auka tryggleik, og bidra til at fleire vil gå og sykle i staden for å
køyre bil. Fleire bustadar får betre støyforhold enn dei har i dag.

Planen legg til rette for bygging av følgjande:

  • Ei ny planfri kryssing for gåande og syklande
  • Utbetring av ramper i tilknyting til ein eksisterande undergang slik at den tilfredsstiller krav til universell utforming
  • 1880 meter ny gang- og sykkelveg
  • Stenging av 1 kryss og 3 avkøyrsler i samband med utbygging av tiltaket.
  • Krav om stenging av ytterlegare 1 kryss og 4 avkøyrsler ved regulering/utbygging av tilliggande areal.
  • Utbetring av 2 busslommer med omsyn til universell utforming, flytting av 3 busslommer inkl . oppgradering til fullverdig standard. Utbetring av 1 eksisterande busslomme der den ligg i dag til fullverdig standard slik at dei har tilfredsstillande breidde og lengde, samt er universelt utforma.
  • 340 meter støyskjerming
  • Utviding av 915 meter E39 til ei breidde på 9 meter

Den vesentlegaste ulempa med planen er inngrep i dyrka mark og inngrep i private eigedommar samt innløysing av bustadhus og andre bygningar. Statens vegvesen har hatt møter med alle eigarar av bustadhus som kan bli innløyst på bakgrunn av denne
reguleringsplanen.
 

Aktuelt regelverk

Dette varselet er sendt ut i samsvar med plan- og bygningslova § 12-10. Planen er utarbeidd i samsvar med plan- og bygningslova §§ 12-3 og 3-7.
 

Ta gjerne kontakt med oss

Dersom de har spørsmål eller ønskjer å få tilsendt reguleringsplanen, kan de kontakte Statens Vegvesen ved Bjarne Otnes på telefon 915 96 745/e-post bjarne.otnes@vegvesen.no eller Ørsta kommune ved Gunnar Wangen, tlf. 70 04 97 02/ e-post gunnar.wangen@orsta.kommune.no

Fant du det du lette etter?