Varsel om detaljregulering: Ose næringsområde

Skisse som viser mogleg situasjon for etablering av Coop Extra. Sporstøl arkitekter

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-8, og løyve gjeve i møte i formannskapet 14.05.24, blir det varsla oppstart av arbeid med detaljregulering for Ose næringsområde – gnr. 47, bnr. 205/362/110 mfl., planID 2023005. Området er ca. 7,5 daa og avgrensa som vist i kart nedanfor.

Forslagsstillar er Coop vest eigedom Ørsta AS v/ Finn Dyb-Sandnes, tlf. 909 28 932, e-post:
finn.dyb-sandnes@coop.no 

Planområdet er lokalisert i Ørsta sentrum - sør for Osbrua mellom elva i øst og E39 i vest. Hensikta med planen er å gje planrammer for etablering av daglegvarehandel innanfor gnr. 47, bnr. 205/362/110 mfl. på Ose. Planen vil opne for om lag 1500 m2 til daglegvarehandel utover dei 3000 m2 som er avsett til detaljhandel på Ose. Det er ikkje stilt krav om konsekvensutgreiing.

Gjeldande reguleringsplan er «Ose - næringsområde ved Melsvegen», planID 2011001. Området er i gjeldande plan regulert til forretning/kontor/tenesteyting, kontor/tenesteyting, bustad og vegareal.

Som ein konsekvens av planen blir det også varsla endring i føresegnene til gjeldande plan «Ose -næringsområde ved Melsvegen» og tilgrensande plan «Detaljplan for delar av næringsområdet ved Melsvegen», planID 2014001, kva gjeld opning for daglegvarehandel ut over detaljhandelsgrensa på 3000 m2.

Dokument:


Innspel

Innspel til planarbeidet bes sendt skriftleg til plankonsulent: Sporstøl Arkitekter AS - boks 301 - 6067 Ulsteinvik 
E-post: silje@sporstol.no  - Tlf.: 700 18 550

Frist for innspel er 01.08.2024

Kart som viser lokalisering av tiltaket. Sunnmørskart/Sporstøl arkitekter

Følg oss