Treningstider hausten 2019

Klikk for stort bilete

Det er no høve til å søkje på treningstid i Ørsta sentrum. Hallnemnda vil tildele treningstid i nye Ørstahallen så langt det let seg gjere. Det vil seie at alle som trenar på Vikemarka må søkje til denne fordelinga. 

I nye Ørstahallen kan det søkast treningstid mellom 15:00 og 21:00 ( ferdig 22:00), måndag til fredag.  Det er mogleg å søkje om treningstid på speleflater, friidrettsfasilitetar og treningsrom /bordtennisrom.

Ørstahallen har 3 handballbaner, med merking for handball, minihandball, basket, innebandy, volleyball, badmington.
Treningsrommet (bordtennisrom) er 190 m², med sportsdekke og ekstra takhøgde. Rommet kan passe for aktivitetar som turn, dans, sirkeltrening mm. 

Hallnemnda fordeler treningstider ut i frå vedtekne prinsipp for tildeling.

Prinsipp for tildeling

 

Betalingssatsar for Ørstahallen

Leigesatsar i Ørstahallen
Frivillige lag og organisasjonar Måndag til fredag Helg
Heil hall 500 kr/5000 kr dag
Heil bane 150 kr timen 250 kr timen/2500 kr dag
Ekstra garderobe 350 kr dag
Stort møterom ( 160 kvm) 100 kr timen
Møterom ( 80 kvm) 75 kr timen
Lite møterom ( 20 kvm) 50 kr timen
Kjøkken 1.etasje 500 kr dag
Treningsrom 2.etasje 100 kr timen
Løpebane og hoppegrop 150 kr timen
Klatrehall eigen avtale

Laga vert fakturert for heile tidsperioden dei har søkt på og får tildelt.

 

Søknad på treningstid skal innehalde

  • Kva aktivitet 
  • Aldersgruppe
  • Om lag tal deltakarar
  • Tidsperiode laget ønskjer å trene. Til dømes: Vi ønskjer å trene frå august 2019 og fram til påske 2020.
  • Namn på ansvarleg trenar, samt kontaktinformasjon til vedkomande
  • Ønskjer om tidspunkt

For større lag med fleire undergrupper skal det sendast inn ein felles søknad frå hovudlaget..


Søknadsfrist 6.juni 2019

Søknaden skal sendast til epost: orstahallen@orsta.kommune.no 
For spørsmål, kontakt dagleg leiar Rebecca Riise Bjerknes på epost orstahallen@orsta.kommune.no eller på telefon 91313572


 

Fann du det du lette etter?