Spelemidlar til idrettsanlegg

Klikk for stort bileteSøknader om tilskot frå spelemidlane må vere komne til Ørsta kommune innan 20. oktober 2019

Tilskot kan ytast til vanlege idrettsanlegg, rehabilitering, nærmiljøanlegg eller anlegg for friluftsliv. 

Til no godkjende søknader og kommunedelplanen for idrett og fysisk aktivitet er avgjerande for prioriteringa. Søkjarar kan be om førehandskonferanse for klargjering av søknaden, – kontakt sakshandsamar Jostein O. Mo (tlf. 906 30 894) eller jostein.mo@orsta.kommune.no  

Idrettsfunksjonell godkjenning er no eit innarbeidd punkt i søknaden om spelemidlar. For nærmiljøanlegg gjeld særskilde reglar. Tidlegare fremja søknader må fornyast for å telje med vidare. Søknader som kjem inn etter fristen har ikkje krav på vidare handsaming. Søknadsskjema er tilgjengeleg og skal leverast elektronisk på nettstaden www.idrettsanlegg.no.  

Fann du det du lette etter?