Søknad om løyve til å bygge Nøvedalselva kraftverk i Ørsta kommune

Nøvedalselva kraftverk - Klikk for stort bilete

Småkraft AS søker om løyve etter vassressurslova til å bygge Nøvedalselva kraftverk i Nøvedalselva. Småkraftverket vil gje ein årleg kraftproduksjon på 12,2 GWh, noko som svarar til straumbruken til omlag 600 husstandar.

Søknaden med vedlegg er lagt ut til offentleg ettersyn på Servicekontoret i Ørsta kommune og på NVE sine nettsider www.nve.no/konsesjonssaker fram til høyringsfristen går ut.

Om du ønskjer papirutgåve av søknaden, ta kontakt med Småkraft AS v/Martin Vangdal på tlf.: 988 30 458 eller e-post: Martin.Vangdal@smaakraft.no.


Fråsegn:

Fråsegn kan sendast oss elektronisk via www.nve.no/konsesjonssaker, per e-post til nve@nve.no eller per post til: NVE, Konsesjonsavdelinga, Postboks 5091 Majorstua, 0301 Oslo innan 31.8.2018.

 

Fant du det du lette etter?