Oppstart av planarbeid: Utbyggingsavtale for gnr.14 bnr. 766

Klikk for stort bileteI medhald av Pbl § 12-8 og 12-10 varslar ein med dette om oppstart av arbeid med detaljreguleringsplan
for gnr.14 bnr.766 – planID 2019004.

Ein varslar også om oppstart av forhandling om utbyggings-avtale i medhald av Pbl. §17-4. Forslagsstillar er Tomteservice AS med Per Mulvik AS som plankonsulent.

Varslingsbrev

Vedlegg

Målet med planarbeidet er å utvikle sentrumsnære og attraktive bustadar anten som frittliggande småhus/
einebustadar (alternativ A) eller som konsentrert busetnad/lågblokk (alternativ B). Kva alternativ som blir
valt avklarast når innkomne merknadar er vurdert.

Planområdet ligg innanfor reguleringsplanen for Mork-Vinjevoll (RTK-8310) og er regulert til frittliggande busetnad, offentleg leikeplass, køyreveg og gangveg. Ein vidarfører prinsippet for køyreveg og gangveg mellom Håkonsgata og Bakkevegen slik vist i gjeldande plan, og regulerer også inn leikeplass på tomta.

Planområdet utgjer om lag 2,4 daa som kan bli justert undervegs. Plangrensa er vist i kartutsnittet.

Saman med kommunen har ein i medhald av Pbl § 4-2 vurdert planforslaget til ikkje å skulle konsekvensutgreiast.
 

Informasjon og medverknad

Naboar, grunneigarar og offentlege instansar vert varsla i eige skriv. For meir informasjon kan ein kontakte

Innspel til planarbeidet

Eventuelle innspel til planarbeidet merkast med
«Detaljreguleringsplan for gnr.14 bnr.766 - planID:2019004»
og sendast anten som e-post til jan@mulvik.no eller som brev til: Per Mulvik AS, Holmen 7,6100 Volda.

Innkomne innspel vert saman med planframlegget sendt til kommunen for handsaming og utlegging til
offentleg ettersyn. Ein treng difor ikkje sende kopi av innspelet til kommunen.

Frist for innspel: 09.03.2020.
 

Vidare saksgang

Etter at innspelsfristen er ute, vert planframlegget utarbeidd og innsendt til kommunen si planavdeling for
handsaming og eventuelle justeringar før politisk vedtak om utlegging til offentleg ettersyn. Det vert då
høve til å kome med merknader og innsigelsar mot planframlegget før vidare handsaming med sikte på
endeleg godkjenning i kommunestyret.