Anders Hustadnes er forslagsstillar og OSE AS er plankonsulent for planarbeidet.
Lokalisering
Planområdet ligg søraust for Sæbø på Hustadneset, ved Hjørundfjorden.
Mål med planarbeidet
Målsetjing med planen er å leggje til rette for:
- Nye hytter og eksisterande hytter
- Å regulere inn fellesareal
- Areal til teknisk infrastruktur
- Å regulere del av tilkomst veg
Planområdet
Planområdet består av eigedomane gbnr. 144/7, og er på om lag 9,5 daa. Avgrensinga av planområdet kan bli endra før planen blir lagt ut til offentleg ettersyn.
Planstatus
Overordna plan
I kommuneplanen sin arealdel for Ørsta kommune har området formål LNF sone C.
Regulering
Planområdet er ikkje regulert.
Dispensasjon/vedtak
Eksisterande utleigehytter er oppsett på dispensasjon. Planarbeidet vert stadfesting av desse, i tillegg til nye utleigehytter.
Konsekvensutgreiing
Planar og tiltak skal vurderast etter forskrift om konsekvensutgreiing om dei utløyser krav om konsekvensutgreiing og planprogram.
Jamfør samla vurdering i planinitiativet avsnitt 3, blir det vurdert at planarbeidet for DP Hustadnes Fjordhytter ikkje utløyser krav om konsekvensutgreiing eller planprogram.
Oppstartsmøte med kommunen
Det vart halde oppstartsmøte med kommunen 13.12.2024, med følgjande hovudpunkt:
- Plangrense
- Naturfare
- Lage ein heilskapleg plan for bruken av området
- VAO (vatn, avløp og overvatn)
Informasjon og medverknad
Det vil bli sendt varsel om oppstart til naboar og gjenbuarar, kunngjering i lokal avis og på nettet, i samsvar med pbl. § 12-8. For nærare informasjon ta kontakt med OSE, mob. 974 89 987 eller e-post plan@oseing.no. Reguleringsarbeidet blir vurdert til å gje små negative ulemper for naboar. Det blir difor ikkje lagt opp til medverknadsmøte i samband med oppstart av planarbeid. Eigar av hytte på gbnr. 144/43 blir halde orientert.
Dokument
Merknadar til oppstartsmeldinga
Merknadar som har verknad eller interesse for planarbeidet kan sendast: OSE AS på e-post plan@oseing.no eller OSE AS, Vikeøyrane 7, 6150 Ørsta
Frist for merknadar vert sett til 17.02.2025. Merk fråsegn med P2086.
Alle mottekne dokument og merknadar blir sendt kommunen saman med planframlegget.
Vidare sakshandsaming
Etter at meldingsfrista er ute vil plandokumenta bli utarbeidd for deretter å bli sendt kommunen for sakshandsaming. Etter handsaming i kommunen blir plandokumenta lagt ut til offentleg ettersyn. Det vil då bli høve til å kome med merknadar til planframlegget før vidare politisk handsaming og vedtak.