Områdereguleringsplan for deler av Vartdal sentrum - varsel om utvida område

Varsel om utvida område Vartdal - Klikk for stort bileteVarsel om utvida område Vartdal I samsvar med § 12-1, 12-2 og 12-8 i Plan- og bygningslova (27.6.2008) vert det med dette varsla om utviding av planområde for deler av Vartdal sentrum. Det vert vist til tidlegare utsendt varsel om oppstart datert 22.02.2017. Føremålet med utvidinga av planområde er å kunne innarbeide eit gangsamband frå det tidlegare varsla planområdet og inn til eksisterande bustadområde i sør.

Utviding av planområdet gjeld i hovudsak bustadeigedomen gnr 99 bnr 325, Myrevegen 35. Ein vil i det vidare planarbeidet søkje å gjere omfanget av gangforbindelsen så lite som råd.


Frist og meir informasjon


Innspel til planarbeidet må vere skriftlege, og skal sendast til postmottak@orsta.kommune.no eller til Ørsta kommune, Dalevegen 6, 6153 Ørsta, og merkast med saksnummer 2016/2085.

Det er også mogleg å levere innspel direkte gjennom planinnsynsløysinga (sjå ”gi tilbakemelding”).
Innspel må vere sendt innan 28.07.2018


Siktemålet er å ferdigstille framlegg til plan i løpet sommaren 2018.

Planforslaget vert deretter lagt ut til offentleg ettersyn i 6 veker. Interesserte får då nytt høve til å
kome med merknader til planforslaget før vidare politisk handsaming.
 

Fant du det du lette etter?