Offentleg ettersyn: Områdeplan for deler av Vartdal sentrum

Klikk for stort bilete

Ørsta formannskap har gjort vedtak om å legge framlegg til områdeplan ut til offentleg ettersyn jf. pbl§ 12-10

NB: Kommunen har hatt til hensikt å gjennomføre eit ope møte om framlegget i høyringsperioden. På bakgrunn av smitterisiko knytt til koronaviruset vil dette møtet ikkje verte gjennomført. Dei som har spørsmål eller har behov for informasjon om planframlegget, kan ta kontakt med kommunen si plan- og miljøavdeling.

Føremålet med planarbeidet er å detaljere byggjeområde som er sett av i kommunedelplanen for Vartdal. Planen vidarefører hovudprinsippet om eit nytt sentrumsområde, men i eit redusert omfang i høve kommunedelplanen. Planen legg elles til rette for bustader og kombinerte føremål i områda ikring. Planframlegget syner to alternative trasear for gangvegane SGG7 og 8 med tilhøyrande areal. Dette området er difor ikkje presentert i kartløysingane på nett, og går berre fram av plankartet på pdf-format.

Vedlagt følgjer kopi av plankart. Planinformasjon og dokument er tilgjengeleg på: 
Kommunekart – Plankart på mobil 
Webplan – Plandokument på mobil 
Planinnsyn – Kartløysing og plandokument på PC 

Plandokumenta finn du også ved å gå til kommunen sin kartportal www.ørstakart.no  (under «planar til høyring»). Dokumenta er også tilgjengelege på servicekontoret, Ørsta rådhus frå 28.02.2020 – 10.04.2020. Dersom de likevel ønskjer å få tilsendt dokumenta på papir, kan de vende dykk til plan- og miljøavdelinga. 

Merknader til framlegget skal vere skriftlege og kan sendast til Ørsta kommune, Dalevegen 6, 6153 Ørsta, til postmottak@orsta.kommune.no , eller direkte frå kartportalen innan 10.04.2020

Generelle opplysningar: Merknader som kjem inn er kommunen sitt grunnlag for å endre planforslaget, og vert vurdert og lagt fram for politisk mynde saman med rådmannen sine vurderingar av merknadane. Vi svarer difor ikkje på merknader enkeltvis.