Offentleg ettersyn: Detaljreguleringsplan for Vikeelva

Klikk for stort bileteIllustrasjon henta frå planframlegget Per Mulvik AS

Ørsta formannskap har gjort vedtak om å legge framlegg til detaljreguleringsplan for bustader ved Vikeelva ut til offentleg ettersyn.

Føremålet med planarbeidet er å legge til rette for fleire sentrumsnære bustader.

Komplette plandokument er lagt ut på kommunen sin kartportal www.ørstakart.no under ”planar på høyring” og på servicekontoret, Ørsta rådhus frå 19.01.2019 – 02.03.2019. Den elektroniske lenka finn de her. Dersom de likevel ønskjer å få tilsendt dokumenta i papirutgåve, kan de vende dykk til plan- og miljøavdelinga.

Det er lagt opp til samordna handsaming av reguleringsplan og byggjesak. Byggteikningar m.m. er del av plandokumenta. Naboar/partar kan difor ikkje rekne med å få ny nabovarsling i samband med byggjesaka.

Merknader til framlegget kan sendast til postmottak@orsta.kommune.no , til Ørsta kommune, Dalevegen 6, 6153 Ørsta, eller direkte frå kartportalen innan 02.03.2019 og merkast med saksnummer 2014/1863.

Fann du det du lette etter?

Nyhende