Offentleg ettersyn: Detaljreguleringsplan for Melsgjerdet industriområde

Klikk for stort bilete

Ørsta formannskap har gjort vedtak om å legge detaljreguleringsplan for Melsgjerdet industriområde ut til offentleg ettersyn.

Hovudføremålet med planarbeidet er å endre lineføring på intern tilkomstveg i feltet.  Heile planen er også oppdatert til dagens gjeldande framstillingsstandard. Den legg rammer for eit avfallsanlegg slik VØR har fått konsesjon til etter forureiningslova, og eit mogleg biogassanlegg på same tomta.

Vedlagt følgjer plankart. Planinformasjon og dokument er tilgjengeleg på:

Kommunekart.com – Kartløysing for mobil

Webplan – Plandokument på mobil

Planinnsyn – Kartløysing og plandokument på PC

Plandokumenta finn du også ved å gå til kommunen sin kartportal www.ørstakart.no (under «planar til høyring») og på servicekontoret, Ørsta rådhus frå 13.04.2019 – 25.05.2019. Dersom de likevel ønskjer å få tilsendt dokumenta i papirutgåve, kan de vende dykk til plan- og miljøavdelinga.

Merknader til framlegget kan sendast til postmottak@orsta.kommune.no , til Ørsta kommune, Dalevegen 6, 6153 Ørsta, eller direkte frå kartportalen innan 25.05.2019 og merkast med saksnummer 2018/386.

Fann du det du lette etter?