Offentleg ettersyn: Detaljreguleringsplan for Grønnevetbakkane på Vartdal

Grønnevet - Klikk for stort bilete Ørsta formannskap, som planutval, har i møte 18.09.2018 gjort vedtak om å legge framlegg til detaljreguleringsplan for Grønnevetbakkane ut til offentleg ettersyn i samsvar med planog bygningslova §§12-10 og 12-11, slik det ligg føre på plankart, datert 13.02.2018 og sist revidert 02.10.2018. Føremålet med planarbeidet er å legge til rette for bustader og næring i område S2 (sentrumsområde) og bakanforliggande bustadområde i kommunedelplan for Vartdal.

Plandokumenta finn du her, eller ved å gå til www.ørstakart.no under «planar til høyring».

 

Merknad:

Merknader til framlegget kan sendast til postmottak@orsta.kommune.no, til Ørsta kommune, Dalevegen 6, 6153 Ørsta, eller direkte frå kartportalen innan 17.11.2018 og merkast med saksnummer 2017/393

Fann du det du lette etter?