Innsynsmodulen vår er nede

Grunna overgang til nytt saks- og arkivsystem har vi tekniske problem med innsynsløysninga vår, dette går desverre utover møtedokumenta også. Det vert arbeidd med å rette feilen, vi takkar for tolmodet. 

Her finn du førebels innkalling/møtedokument for

Formannskap (PDF, 4 MB)

Kommunestyre (PDF, 2 MB)

Offentleg ettersyn: Detaljreguleringsplan for Åsegotene næringsområde

Klikk for stort bilete

Ørsta formannskap har gjort vedtak om å legge detaljreguleringsplan for Åsegotene næringsområde ut til offentleg ettersyn.

Hovudføremålet med planarbeidet er å få fastsett formelle rammer for korleis bygget og området kan nyttast. I tillegg til nærings- og kontorføremål vert det foreslått å opne for overnattingsrom med fasilitetar for arbeiderar ("arbeidshotell").

Planinformasjon og dokument er tilgjengeleg på:

Kommunekart.com – Kartløysing for mobil

Webplan – Plandokument på mobil

Planinnsyn – Kartløysing og plandokument på PC

Merknader til framlegget kan sendast til postmottak@orsta.kommune.no , til Ørsta kommune, Dalevegen 6, 6153 Ørsta, eller direkte frå kartportalen innan 06.07.2019 og merkast med Planid 2018011.

Fann du det du lette etter?