Offentleg ettersyn: Detaljregulering for område B9 på Ose

Klikk for stort bileteI samsvar med plan- og bygningsloven  §§ 12-8 og 12-9 vert Detaljregulering for Område B9 på Ose lagt ut til høyring og offentleg ettersyn i perioden 22.11.2019 – 05.01.2020. 

Planframlegget legg til rette for om lag 73 nye bueiningar innanfor planområdet, fordelt på kjedahus, firemannsbustader, tomannsbustad og lågblokk. Det er vidare sett av areal til parkering, nærleikeplassar og kvartalsleikeplass i tilknyting til bustadane. Det er vist ny samleveg inn til Osgeila og Andersholen, og dagens kryss mellom Melsvegen og Osgeila er føresett stengt. 

Planinformasjon og dokument er tilgjengeleg på: 
Kommunekart – Plankart på mobil 
Webplan – Plandokument på mobil/nettbrett
Planinnsyn – Kartløysing og plandokument på PC 

Plandokumenta finn du også ved å gå til kommunen sin kartportal www.ørstakart.no  (under «planar til høyring»). Dersom de likevel ønskjer å få tilsendt dokumenta på papir, kan de vende dykk til plan- og miljøavdelinga.

Merknader til framlegget kan sendast til postmottak@orsta.kommune.no, til Ørsta kommune, Dalevegen 6, 6153 Ørsta, eller direkte frå kartportalen innan 05.01.2019 og merkast med saksnummer 19/10055.

Generelle opplysningar:
Merknader som kjem inn er kommunen sitt grunnlag for å endre planforslaget, og vert vurdert og lagt fram for politisk mynde saman med rådmannen sine vurderingar av merknadane. Vi svarer difor ikkje på merknader enkeltvis.