Offentleg ettersyn: Detaljregulering for flyplasskrysset

Klikk for stort bilete  Framlegg til detaljregulering for flyplasskrysset er lagt ut til offentleg ettersyn.

Ørsta formannskap handsama saka i møte den 01.12.2020, og gjorde vedtak om å legge planframlegget ut til offentleg ettersyn i samsvar med plan-og bygningsloven § 12-10.

Føremålet med planarbeidet er ombygging av flyplasskrysset, å legge til rette for gode internveg- og avkøyrsleløysingar, samt eit samanhengande og trygt tilbod for mjuke trafikantar.

Planinformasjon og dokument er tilgjengeleg på: 
Kommunekart – Plankart på mobil 
Webplan – Plandokument på mobil 
Planinnsyn – Kartløysing og plandokument på PC 

Plandokumenta finn du også ved å gå til kommunen sin kartportal www.ørstakart.no  (under «planar til høyring»). Dokumenta er også tilgjengelege på servicekontoret, Ørsta rådhus frå 17.12.2020 – 29.01.2021. 
 

Merknader til framlegget kan sendast til postmottak@orsta.kommune.no, til Ørsta kommune, Dalevegen 6, 6153 Ørsta, eller direkte frå kartportalen innan 29.01.21 og merkast med saksnummer 19/12059, planid 2019006.