Offentleg ettersyn: Detaljregulering for Farkvamen barnehage

Ørsta formannskap har i møte 19.01.21 gjort vedtak om å leggje framlegg til detaljregulering for Farkvamen barnehage ut til offentleg ettersyn, i samsvar med plan- og bygningslova §12-10.

Føremålet med planarbeidet er å oppdatere plangrunnlaget etter det som er bygt, og å gje moglegheit for framtidig utvikling.

 

Planinformasjon og dokument er tilgjengeleg på: 

Kommunekart – Plankart på mobil 
Webplan – Plandokument på mobil 
Planinnsyn – Kartløysing og plandokument på PC 


Merknadar

Merknadar til framlegget kan sendast direkte frå kartportalen. Eventuelt kan merknadar sendast via digitalt skjema, per e-post til postmottak@orsta.kommune.no eller per post til Ørsta kommune, Dalevegen 6, 6153 Ørsta. Merknadar må merkast med saksnummer 19/10085, planid 2018010.

Frist: 19.03.2021