Offentleg ettersyn: Detaljregulering for E39 Liadal

Bildet viser vegen ut mot Liadal. - Klikk for stort bilete


Statens vegvesen har i samarbeid med Ørsta kommune utarbeidd framlegg til detaljregulering for E39 Liadal på ei 1,2 km strekning sør for Håvoll.

Planframlegget legg til rette for å sikre «Liadalsmuren», breiddeutvide E39, og etablere gang- og sykkelveg langs E39 austside. Det er også gjort endringar i avkøyrsler og tilrettelegging for busslommer på strekninga.

Ørsta kommune ved Formannskapet har i møte den 29.11.2022, sak 1 40/22, fatta vedtak om å legge planframlegget ut til offentleg ettersyn.

Plandokument

I samband med høyringa blir det eit ope orienteringsmøte i kommunestyresalen på Ørsta rådhus, tysdag 10. januar 2023 kl. 18.00.

Det blir også open kontordag på Ørsta rådhus påfølgande dag, 11 . januar frå kl. 09:00. Registrering av avtalar til kontordagen gjerast ved å ta kontakt med planleggingsleiar, fortrinnsvis i samband med orienteringsmøtet den 10. januar.

Innspel og merknader til reguleringsplanen skal vere skriftlege, merkast sak 20/23625 og sendast innan 10. februar 2023 per e-post til: firmapost@vegvesen.no eller per brev til: Statens vegvesen, postboks 1010, Nordre Ål, 2605 Lillehammer

Eventuelle spørsmål om planarbeidet kan rettast til Statens vegvesen v/planleggingsleiar Astrid Eide Stavseng, tlf. 91 74 84 68, e-post astrid.stavseng@vegvesen.no, eller til Ørsta kommune v/planleggar Matias Kårstad, tlf. 70 04 97 00, e-post matias.karstad@orsta.kommune.no.

Følg oss