Offentleg ettersyn: Detaljregulering for del av Sæbøneset

Klikk for stort bilete ArkPlan

 

Ørsta  formannskap har gjort vedtak om å legge framlegg til detaljplan for del av Sæbøneset ut til offentleg ettersyn

Føremålet med planarbeidet er å legge til rette for totalt tre firemannsbustader, der den eine nyleg er oppført etter dispensasjonshandsaming.

Planinformasjon og dokument er tilgjengeleg på:

Kommunekart – Plankart på mobil

Webplan – Plandokument på mobil

Planinnsyn – Kartløysing og plandokument på PC

Plandokumenta finn du også ved å gå til kommunen sin kartportal www.ørstakart.no  (under «planar til høyring»). Dersom de ønskjer å få tilsendt dokumenta på papir, kan de vende dykk til plan- og miljøavdelinga.

Merknader til framlegget skal vere skriftlege og kan sendast til Ørsta kommune, Dalevegen 6, 6153 Ørsta, til postmottak@orsta.kommune.no  , eller direkte frå kartportalen innan 24.04.2020.

Generelle opplysningar: Merknader som kjem inn er kommunen sitt grunnlag for å endre planforslaget, og vert vurdert og lagt fram for politisk mynde saman med rådmannen sine vurderingar av merknadane. Vi svarer difor ikkje på merknader enkeltvis.