Næringsprisen 2024 – send inn forslag!

Ørsta formannskap skal dele ut Næringsprisen for 2024.

Formålet med prisen er å gi honnør til ein enkeltperson, bedrift eller organisasjon som i siste året har gjort ein ekstra innsats for å fremje næringslivet i Ørsta, m.a. ved etablering av nye arbeidsplassar eller sikring av eksisterande verksemd, og som kan tene som førebilete for næringslivet.

  • Forslag til kandidatar kan kome frå einskildpersonar, bedrifter eller organisasjonar.
  • Forslaget skal vere skriftleg og helst med grunngjeving.

Frist for innsending: 22. oktober 2024.

Send framlegg til postmottak@orsta.kommune.no eller til:

Ørsta kommune
Dalevegen 6
6153 Ørsta

Statuttane for Næringsprisen

 

Michele Tharaldsen Hoggen mottok prisen til Fora Form AS i 2023. Ørsta kommune

 

Tidlegare vinnarar – Næringsprisen

Følg oss