Næringsprisen 2021 – send inn forslag!

Næringsprisen 2020 gjekk til Eiksenteret Ørsta Eiksenteret Ørsta  Ørsta formannskap skal dele ut Næringsprisen for 2021.
Formålet med prisen er å gi honnør til ein enkeltperson, bedrift eller organisasjon som i siste året har gjort ein ekstra innsats for å fremje næringslivet i Ørsta, m.a. ved etablering av nye arbeidsplassar eller sikring av eksisterande verksemd, og som kan tene som førebilete for næringslivet.

  • Forslag til kandidatar kan kome frå einskildpersonar, bedrifter eller organisasjonar. 
  • Forslaget skal vere skriftleg og helst med grunngjeving.

 

Frist for innsending: 1. november 2021.

Send framlegg til postmottak@orsta.kommune.no eller til:

Ørsta kommune
Dalevegen 6
6153 Ørsta
 

Statuttane for Næringsprisen

Tidlegare vinnarar av Næringsprisen

Følg oss