Lokal forskrift om bruk av vass-scooter

Vannscooter 1 - Klikk for stort bilete

Formannskapet har i sak 94/18 fastsett ei lokal forskrift om bruk av vass-scooter og liknande i vatn og vassdrag i Ørsta kommune. Forskrifta gjeld frå 1. desember 2018 og slår fast at bruk av vass-scooter og liknande i vatn og vassdrag (ferskvatn) er forbode.

Forskrifta seier:

Fastsett av Ørsta kommune den 01.11.2018 med heimel i lov av 10. juni 1977 nr. 82 § 4.
§ 1. Bruk av vass-scooter og liknande i vatn og vassdrag i Ørsta kommune er forbode.
§ 2. I vatn større enn 2 kvadratkilometer kan det ved spesielle behov gjevast dispensasjon frå forbodet.
§ 3. Forskrifta trer i kraft 01.12.2018

 

Lokal forskrift om fartsbegrensing

Formannskapet vedtok samstundes også ei lokal forskrift om fartsbegrensing i sjø, som fastset høgste tillatne hastigheit til 8 knop innafor eit belte på 100 meter frå land, øyer og holmar og skjær.

Framlegget til fartsforskrift er sendt til Kystverket til stadfesting/godkjenning. Om forskrifta vert godkjent av Kystverket vil den tre i kraft frå 01.03.2019. 

Fann du det du lette etter?