Konsesjonssøknad for uttak av grunnvatn på Nordre Vartdal

Klikk for stort bilete Poly-Har AS – Søknad om løyve til uttak av grunnvatn til industriformål i Nordre Vartdal i Ørsta kommune

Konsesjonssøknaden

NVE har motteke søknad frå Poly-Har AS om løyve til uttak av grunnvatn på 15 l/s. Brønnområdet er plassert ved utløpet til Storelva i Nordre Vartdal. Vatnet skal nyttast som reservevatn til kjøling på fabrikken tilhøyrande Poly-Har AS. Søknaden blir behandla etter reglane i kapittel 3 i vassressurslova, og gjeld løyve etter § 8, jamfør § 45 i same lov.
Søknaden med vedlegg er lagt ut til offentleg ettersyn på Servicekontoret på Rådhuset til Ørsta kommune, og på NVE sine internettsider www.nve.no/konsesjonssaker fram til høyringsfristen går ut. Dersom du ønskjer papirutgåve av søknaden, ta kontakt med Oddmund Soldal frå COWI AS på tlf.: 95 18 40 21 eller e-post: ods@cowi.com. Høyringsuttalar kan sendast oss elektronisk via www.nve.no/konsesjonssaker, per e-post til nve@nve.no eller per post til: NVE, Konsesjonsavdelinga, Postboks 5091 Majorstua, 0301 Oslo innan 16.5.2019.

Fann du det du lette etter?