Konkurranse: Rammeavtale om tømrartenester

Klikk for stort bileteØrsta kommune ved seksjon eigedom inviterer aktuelle leverandørar til gje tilbod i konkurranse om rammeavtale om tømrartenester. 

Tilbodsførespurnad

Frist: fredag 24.01.2020 kl. 23:59.

Seksjon eigedom gjennomfører ein del byggjearbeid i løpet av eit år, som ikkje er omfatta av nybygg eller av «større» prosjekt. Dette kan vere t.d. reparasjonar, tilbygg, renovering av enkeltrom eller mindre, avgrensa områder i eit bygg, osv. Denne konkurransen gjeld rammeavtale om utføring av slike mindre byggjearbeid, der samla kostnad for det enkeltståande prosjekt er under 1,3 millionar kroner eks. mva. Rammeavtalen si lengde vil vere 1 år, og anteken verdi er 1,2 millionar kroner eks. mva. Alle tilbydarar som oppfyller kravspesifikasjonen i tilbodsførespurnaden og leverer komplett tilbod, vil verte vurderte etter tildelingskriteria.

Vi oppmodar aktuelle leverandørar om lese tilbodsførespurnaden grundig, og gje tilbod i samsvar med denne.

Les meir om innkjøp