AKTUELT NO:

Konkurranse: Gjenskaping av fontena på Haldeplassen

Foto av fontena før den vart riven tidleg på 80-talet. - Klikk for stort bileteFoto av fontena før den vart riven tidleg på 80-talet.

Ørsta kommune skal gjenskape/gjenreise «Fontena» som stod i krysset mellom Anders Aarsethergata og Kyrkjegata, som vart riven tidleg på 80-talet.
 

Om fontena

Mesteparten av Fontena vart riven og knust, men noko av den vart teke vare på. Ugle-skulpturen på toppen, og «bordet» med «vaskekaret» er bevart. Den sentrale søyla, som ugla vart plassert på toppen av, var støypt og pussa med mineralittpuss. Sylinderen under ugla var i glas.

På eine sida av søyla var det plassert ein bronse-plakett med eit dikt på. På sida av den sentrale søyla var det plassert ei mindre søyle, der det var plassert eit «drikkehorn» ein kunne få reint drikkevatn frå. Under «bordet» var der ei utsparing det rann vatn gjennom og ned i «bassenget» under sjølve bordet.

Sjølve Fontena skal gjenskapast i størst mogleg grad slik den var, og plasserast på Haldeplassen.

3D-illustrasjon av fontena plassert på Haldeplassen. - Klikk for stort bilete3D-illustrasjon av fontena plassert på Haldeplassen.

Konkurransen

Kommunen stiller krav til utforming av fontena og oppgradering av Haldeplassen; dekke, møblering, belysning og tilknyting til Vikegata (gågata). Ørsta kommune inviterer leverandørar til å gje forslag til løysingar, og vil inngå samspelkontrakt for hausten 2022 for å kome fram til endelege løysingar saman med valt leverandør. Kommunen ser føre seg gjennomføring av prosjektet våren 2023.

Meir informasjon og konkurransevilkår finn du på doffin.no:

Konkurransegrunnlag


Frist for mottak av tilbod: 29. august 2022 kl. 12.00.

Følg oss