Kom med framlegg til representantar til ungdomsrådet!

Klikk for stort bileteIllustrasjonsfoto: Ungdomsrådet

 

Etter ny kommunelov og forskrift om medvirkning, skal no organisasjonar som representerer ungdom ha høve til å kome med framlegg til representantar til ungdomsrådet. 

Tidlegare har representantane blitt valde på skulane, men no er det altså ope for fleire til å kome med forslag, herunder organisasjonar som har ungdom som medlemmer.

Ungdomsrådet skal ha ei brei samansetting både når det gjeld erfaring og bakgrunn, og geografisk tilhørigheit i kommunen. Representantane i ungdomsrådet skal vere ungdommar, og kan ikkje ha fylt 19 år på valtidspunktet. Sekretær for ungdomsrådet har sendt ut mail til ein del organisasjonar med denne informasjonen, men med eit stort tal organisasjonar og ei svært mangelfull/lite oppdatert liste med kontaktinformasjon er det vanskeleg å nå alle.

 

Send inn framlegget:  

Organisasjonar som representerer ungdom, som har framlegg til representantar til ungdomsrådet, kan altså sende desse på e-post til sekretær Hans Robert Bondhus, innan 15. november.

Forslaga må innehalde namn, kontaktinformasjon, alder, klassetrinn/skule(om personen er skuleelev) og kva organisasjon som har foreslått personen/personane, og sendast på e-post: 
hans.robert.bondhus@orsta.kommune.no
 

Fann du det du lette etter?