Planframlegget er utarbeidd av Statens vegvesen (SVV). Hovudformål med planarbeidet er å legge til rette for eit effektivt og trygt transportsystem ved å etablere eit formelt grunnlag for utbetring av «Liadalsmuren», tilrettelegge for breiddeutviding av E39, samt legge til rette for eit samanhengande tilbod for gåande og syklande på strekninga. Dermed vil ein sikre betre trafikktryggleik og framkomst for alle vegfarande.
Den vedtekne planen er bindande innanfor planområdet for alle arbeid og tiltak som er nemnde i pbl § 16.
Plandokumenta er lagt ut på kommunen sin kartportal arealplaner.no og på Statens vegvesen si prosjektside; www.vegvesen.no/vegprosjekter/europaveg/e39liadal/
Vedtaket kan påklagast av partar med rettsleg klageinteresse innan tre veker. Ei ev. klage må vere grunngjeven og skal stilast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, men skal sendast som brev eller e-post til Ørsta kommune for førebuande klagehandsaming. Vi ber om at ei ev. klage vert merka med saksnummer 19/10047.
Ørsta kommune
Adresse: Ørsta kommune, Dalevegen 6, 6153 Ørsta
E-post: postmottak@orsta.kommune.no