Høyring: Rullering av vedtekter for kommunale barnehagar

Illustrasjonsfoto. Unsplash

Ørsta kommune sender ut på høyring rullerte Vedtekter for kommunale barnehagar. 

Kommunen som barnehageeigar er ansvarleg for at barnehagane vert drivne i tråd med lover og forskrifter. No er det behov for å rullere vedtektene for kommunale barnehagar mellom anna på grunn av budsjettvedtaket for 2024. Det er først og fremst gjort endringar for å forenkle teksten i vedtektene, og at barnehagane er stengde tre veker i juli månad. Rullerte vedtekter får verknad frå 1.8.2024.

Rullering av vedtekter for kommunale barnehagar - (PDF, 228 kB)

Høyringsfrist: 14. april 2024

Eventuelle innspel skal vere skriftlege, merkast sak 24/1201 og sendast per e-post til postmottak@orsta.kommune.no eller per post til Ørsta kommune, Dalevegen 6, 6153 Ørsta.

Følg oss