Høyring: Rullering av vedtekter for dei kommunale skulefritidsordningane

Illustrasjonsfoto. Pixabay

Ørsta kommune sender ut på høyring rullerte Vedtekter for kommunale skulefritidsordningar. 

Gjeldande vedtekter vart vedtekne i Ørsta kommunestyre 09.06.2021 med verknadsdato 01.08.2021 (sak 75/21). På grunn av ny opplæringslov, innføring av gratis kjernetid for 1.-3. trinn og politisk vedtatt økonomisk innsparing som påverkar SFO- ferietilbodet, må vedtektene for skulefritidsordninga i Ørsta kommune reviderast.

Rullering av vedtekter for dei kommunale skulefritidsordningane - (PDF, 618 kB)

Høyringsfrist: 19. april 2024

Eventuelle innspel skal vere skriftlege, merkast sak 24/1200 og sendast per e-post til postmottak@orsta.kommune.no eller per post til Ørsta kommune, Dalevegen 6, 6153 Ørsta.

Følg oss