Høyring: Revidering av forskrift om renovasjon og slam

Klikk for stort bilete Ørsta formannskap handsama i møte den 09.04.2019 framlegg til endra forskrift om renovasjon og slam for Volda og Ørsta kommunar. Formannskapet gjorde vedtak om å legge framlegg til endra forskrift ut på høyring i 6 veker, jf. forvaltningslova § 37. Med frist 25. mai 2019. 

Hovudføremålet med endringa er å samordne renovasjonstenestene i høve samanslåinga mellom Hornindal og Volda til nye Volda kommune. Framlegg til ny forskrift og vedtak med saksutgreiing og vedlegg i formannskapet si sak 37/19 kan du sjå her: 

Framlegg: Ny renovasjonsforskrift

Vedtak til høyring

Merknader

Merknader til framlegget skal sendast innan 25.05.2019, enten på epost til postmottak@orsta.kommune.no eller til Ørsta kommune, Dalevegen 6, 6153 Ørsta

Fann du det du lette etter?