Høyring: Plan for førebygging av omsorgssvikt og åtferdsvanskar

Illustrasjonsfoto. Unsplash

Ørsta kommune sender ut høyring på Plan for førebygging av omsorgssvikt og åtferdsvanskar. 

Planen skal legge grunnlaget for at kommunen skal jobbe systematisk med implementering av barneverns-/oppvekstreforma, og synleggjere tiltak for å førebygge at barn og unge vert utsette for omsorgssvikt eller utviklar åtferdsvanskar. Planen oppfyller kravet i lov om barnevern om at kommunen skal vedta ein plan for det førebyggande arbeidet.

Plan for førebygging av omsorgssvikt og åtferdsvanskar - (PDF, 2 MB)

Høyringsfrist: 21. april 2024

Eventuelle innspel skal vere skriftlege, merkast sak 23/658 og sendast per e-post til postmottak@orsta.kommune.no eller per post til Ørsta kommune, Dalevegen 6, 6153 Ørsta.

Følg oss