Høyring: Kommunal planstrategi 2024–2028

Per Olav Johansen Vadstein

Ørsta kommunestyre, har i møte 13.06.2024 gjort vedtak om å legge framlegg til kommunal planstrategi 2024–2028 ut til offentleg ettersyn i samsvar med plan- og bygningslova § 11–14.

Ørsta formannskap, som planutval, vedtok den 04.06.2024 at det skulle vere kommunestyret som denne gongen skulle gjere slikt vedtak. Bakgrunnen for dette er å sikre medverknad i alle politiske møte sidan kommunestyremøtet i mai vart avlyst.

Ørsta kommunestyre vedtok å legge kommunal planstrategi ut på høyring med desse to tillegga:

  • Ein eigen sektorplan for landbruk blir å utarbeide i planperioden
  • Vedteken handlingsplan mot plastforureining blir plassert inn i planhierarkiet til Ørsta kommune

Dokument:

Merknadar

Merknadar til framlegget må vere skriftlege og kan sendast til Ørsta kommune, Dalevegen 6, 6153 Ørsta, eller som e-post til postmottak@orsta.kommune.no, innan 02.08.2024 og merkast med 24/2271.  

Følg oss