Høyring: Kommunal jordvernstrategi for Ørsta kommune

Framlegg til kommunal jordvernstrategi er no lagt ut på høyring.

Framsidebilete jordvernstrategi - Klikk for stort bilete Ørsta kommune

Ørsta formannskap gjorde vedtak om å legge framlegg til jordvernstrategi ut på høyring den 29.01.24. Jordvernstrategien skal vere eit styringsdokument for all kommunal planlegging, byggjesakshandsaming, jordlovshandsaming og landbruket sin eigen arealbruk, og omfattar jordvernmål, mål for arealutviklinga i landbruk, oppdrag for kommunen si forvaltning og ei utgreiing av «jordbank».

Framlegg til jordvernstrategi er tilgjengeleg digitalt på:

https://apppublishframsikt-staging.azurewebsites.net/plan/orsta/732aed39-27b5-4b68-9a9b-c908acfc35dc/plan-8980b21e-f6d7-4508-afdf-db69bf1866ba-44146/

Frist for å kome med innspel er 20.03.2024. Innspel til strategien må vere skriftlege, og kan sendast til postmottak@orsta.kommune.no, merkast med saksnr 23/658 «Innspel til kommunal jordvernstrategi for Ørsta kommune». I løpet av høyringsperioden vil det også verte gjennomført eit ope møte, der den som ønskjer kan få informasjon om jordvernstrategien, og drøfte problemstillingar/spørsmål med kommunen

Følg oss