Høyring: Justering av skulekrinsar

Justering krinsgrense Brekke_Brungot_Melsbygda - Klikk for stort bilete

Ørsta kommune arbeider for tida med ei forskrift for tildeling av skuleplass for skulekrinsane i kommunen. I samband med dette arbeidet vurderer kommunen å justere to krinsar, tidlegare Standal skulekrins og krinsgrensa mellom Dalane og Sentrum krins.

Saksnr 2018/2487.
Høyringa har frist 01.11.18



Tidlegare Standal skulekrins

Kommunen sitt forslag til vedtak ser førebels slik ut:

Heilårsveg over Standalseidet har endra kommunikasjonane mellom Hjørundfjordstranda og Dalane. Rådmannen rår til at Kommunestyrevedtak i sak 0047/98 om å legge ned Standal skulekrins og innlemme denne i Sæbø krins vert gjort om inkjes. Det området som tidlegare var Standal krins, vert innlemma i Dalane krins.

 

Krinsgrensa mellom Dalane krins og sentrum krins

Kommunen sitt forslag til vedtak ser førebels slik ut:

Krinsgrensa mellom Dalane krins og Sentrum krins vert justert slik at grensa går mellom gardsnummer 43 og gardsnummer 46 på Melssida. Deretter følgjer grensa Storelva,  før den følgjer grensa mellom gardsnummer 19 og gardsnummer 20 på Brekke/Brungot.

 

Har du ei meining om dette?

Vi inviterer med dette Dykk som er busette i det området som endringane vil gjelde, om å kome med Dykkar meining om forslaget. Innspel kan sendast til

Ørsta kommune, Dalevegen 6, 6153 Ørsta eller gjennom eDialog. Merk innspela med saksnr. 2018/2487.

Innspela må vere kommunen i hende seinast 01.11.18.

Fann du det du lette etter?