KORONAINFORMASJON

Samleside om koronaviruset  |  Bestill time til koronatest 

24.11 kl.14.40 Vegen frå Selbervika til krysset ved Hovdevatnet er opna att

Høyring: Handlingsplan mot vald i nære relasjonar for kommunane på Sunnmøre

Klikk for stort bileteIllustrasjon av Liza Hasan

Vald i nære relasjonar er eit omfattande samfunns- og folkehelseproblem. Vi har laga ein handlingsplan som skal vere eit kunnskapsdokument for tilsette og innbyggarar i kommunen vår. Høyringsfrist er 1. desember 2020.

Kommunane skal legge til rette for at tenestene blir i stand til å førebyggje, avdekkje og avverje vald og overgrep. Når vald blir avdekt skal tenesteapparatet kunne bidra med rett hjelp til rett tid og ha eit godt samarbeid med aktørar også utanfor dei kommunale tenestene.

Med denne felles handlingsplanen set alle kommunane på Sunnmøre arbeidet mot vald i nære relasjonar på dagsorden. Målsettinga er at tiltak og auka merksemd på vald i nære relasjonar vil bidra til å styrke det førebyggjande arbeidet, at fleire valdsutsette og valdsutøvarar får naudsynt hjelp og at fleire situasjonar der menneske utsettast for vald blir avdekka og avverja.

Målet er at handlingsplanen skal nyttast av, og gi auka kunnskap til, tilsette og innbyggarane i kommunane.

Handlingplanen skal handsamast politisk i alle kommunane på Sunnmøre i løpet av januar/februar 2021.

 

Last ned og les høyringsutkast til handlingsplan her: 

Høyringsutkast: Handlingsplan mot vald i nære relasjonar for kommunane på Sunnmøre

 

Tilbakemeldingsfrist 1. desember 2020

Eventuelle tilbakemeldingar sendast skriftleg til Ålesund kommune, postboks 1521, 6025 Ålesund eller postmottak@alesund.kommune.no.