Høyring: Handlingsplan mot plastforureining

Ørsta formannskap har i møte 06.10.2020 vedteke å sende handlingsplan mot plastforureining ut på offentleg høyring slik at både einingar i kommunen, innbyggjarar, partigrupper, frivilligheita og næringslivet kan kome med innspel til planen.

Dokument: 

Innspel:

Eventuelle innspel til handlingsplanen skal vere skriftlege, merkast sak 181/20 og sendast per e-post til postmottak@orsta.kommune.no eller per post til Ørsta kommune, Dalevegen 6, 6153 Ørsta.

Frist: 10.11.20