Forslaget har grunnlag i fylkestinget sitt vedtak om å mellom anna redusere FRAM si budsjettramme for ferje med 50 millionar kroner frå 2024.
Les høyringsbrevet – (PDF, 23 MB)
I høyringsbrevet kjem det fram at desse avgangane er foreslått nedlagt frå 2024 for ferjestrekningane i Hjørundfjorden:
- Kvardagar og laurdagar kl. 22.15 frå Sæbø og kl. 22.30 frå Leknes
- Søndagar kl. 07.30 frå Sæbø og kl. 07.45 frå Leknes
- Alle avgangar frå Skår
Som alternativ til redusert rutetilbod sender Fylkeskommunedirektøren også på høyring løysing der alle ferjesamband aukar med ei takstsone frå 16. august 2023, sjå side 5 i høyringsbrevet. Dette vil også gjelde for alle ferjesamband som per i dag er gratis, og som er planlagde å verte gratis frå 16. august 2023.
Fylkeskommunedirektøren ynskjer også innspel til ruteopplegget generelt.
Ørsta kommune inviterer med dette innbyggarar og næringsliv til å sende kommunen innspel til vårt høyringssvar til Møre og Romsdal fylkeskommune. Saka skal handsamast av Ørsta formannskap 2. mai 2023, og høyringssvar vert sendt inn dagen etter. Fylkeskommunedirektøren handsamar deretter høyringsinnspela og legg fram politisk sak med endeleg liste for omstillingstiltak i FRAM.
Høyringsfrist: 11. april 2023
Send innspel til høyringa til postmottak@orsta.kommune.no, og merk sendinga «Sak 23/1240 – innspel til høyringssvar».