Høyring: Forskrift om permisjon frå pliktig grunnskuleopplæring i Ørsta kommune

Ørsta kommune sender ut på høyring Forskrift om permisjon frå pliktig grunnskuleopplæring i Ørsta kommune.  

I ny opplæringslov § 2-2 er det fastsett at Ørsta kommune skal vedta ei eiga lokal forskrift om Permisjon frå pliktig grunnskuleopplæring i Ørsta kommune. Barn har plikt til grunnskuleopplæring frå året dei fyller seks år, til dei har avslutta 10. trinn. Kommunen kan gi ein elev permisjon frå opplæringa dersom eleven får opplæring som samla sett er forsvarleg. Formålet med å vedta ei forskrift om permisjon frå opplæringa, er difor å opplyse om kva tid og i kva omfang elevar kan få permisjon frå den pliktige grunnskuleopplæringa.

Forskrift om permisjon frå pliktig grunnskuleopplæring i Ørsta kommune

Høyringsfrist: 21. juni 2024

Eventuelle innspel/merknader merkast med saksnr. 24/2471 og sendast til: 

Ørsta kommune
Adresse: Ørsta kommune, Dalevegen 6, 6153 Ørsta
E-post: postmottak@orsta.kommune.no

 

Følg oss