Høyring: Forskrift om hovudmål for offentlege grunnskular i Ørsta kommune

Unsplash

Ørsta kommune sender ut på høyring Forskrift om hovudmål for offentlege grunnskular i Ørsta kommune. 

I ny opplæringslov § 15-2 er det fastsett at Ørsta kommune skal vedta ei eiga lokal forskrift som fastsett kva skriftspråk som skal vere hovudmålet på kvar skulen, anten bokmål eller nynorsk. Skulen skal bruke hovudmålet i den skriftlege opplæringa og i den skriftlege kommunikasjonen med elevane og foreldra.

Forskrift om hovudmål for offentlege grunnskular i Ørsta kommune

Høyringsfrist: 21. juni 2024

Eventuelle innspel/merknader merkast med saksnr. 24/2461 og sendast til: 

Ørsta kommune
Adresse: Ørsta kommune, Dalevegen 6, 6153 Ørsta
E-post: postmottak@orsta.kommune.no

 

Følg oss