AKTUELT NO:

Alt om korona  |  Bestill koronatest  |  Koronavaksinering  |  Influensavaksinering​​​​​​​

Hogst og utflyging av sitkagran fra Raudøya

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har avtale med Nortømmer om skjøtsel av skog i naturreservat. I veke 47 skal 200 m3 heiltre av sitkagran transporterast frå Raudøya med helikopter til Rjåneset der det vert hogd til flis og frakta vekk i konteinerbilar.

Ørsta kommune gir løyve til at arealet synt på kartskisse vert nytta. Dette gjeld for veke 47, frå 23. til og med 26. november.

  • Det vert tilkomst til småbåthamna, rorbuene og turvegen i perioda medan arbeidet vert utført.
  • Området der arbeidet vert utført vil bli sikra.
  • Arbeidet vil truleg vere ferdig fredag 26. november.
  • Det vil bli rydda opp på området som vert nytta etter arbeidet er utført.

Følg oss