Detaljreguleringsplan for masseuttak i Flåvika - Offentleg ettersyn

Detaljreguleringsplan - Masseuttak FlåvikaØrsta formannskap har i møte 22.06.2021 gjort vedtak om å legge framlegg til Detaljreguleringsplan for masseuttak i Flåvika (planid 2019002) ut til offentleg ettersyn i samsvar med plan- og bygningslova §12-11.

Føremålet med planen er å legge til rette for uttak av masser med ny avkøyrsle til E39 og deponi av reine masser.

Merknader til framlegget kan sendast til postmottak@orsta.kommune.no, til Ørsta kommune, Dalevegen 6, 6153 Ørsta, eller direkte frå kartportalen innan 01.10.2021 og merkast med saksnummer 19/10103.

Last ned Detaljreguleringsplanen (PDF)

Følg oss