Varsel om oppstart: Detaljreguleringsplan for Klubben 2

Skisse i samband med forvarsling - Klikk for stort bilete

AG Plan- og arkitektur AS har, på vegne av KA Aurstad AS, varsla oppstart av arbeid med privat detaljreguleringsplan og offentleg ettersyn av planprogram for Klubben 2

Hovudføremålet med planarbeidet er å leggje til rette for vidare masseuttak på Klubben samt ølegge til rette for ein god etterbruk av arealet. Dette ved å:

  • ta ut meir masse ved å senke nivået på terrenget mellom regulert fylkesveg og til sjøen - gjeldande for 59/41. Masse er tenkt teke ut til ca. kote 3. «Restmasser» og steinfraksjonar som ikkje kan nyttast til byggje- og anleggstiltak nyttast til oppfylling/terrassering og etablering av grøne områder.
  • etablere ein arealbruk for Klubben II med «sjønære tiltak» som naustføremål, båtopptrekk, areal for vedlikehald av båtar, ei mindre kai/tilflot, lagerbygningar, tilhøyrande parkering, gangvegar og tilrettelagde fiskeplassar, kommunalteknisk anlegg (no regulert kan kome til å bli flytta som følgje av kryssløysinga). Mellom dei ulike funksjonane etablerast grøne areal. Fleire bruksføremål kan kome til avhengig av dei areala som blir eigna til byggeføremål. Lagerbygningar for større fritidsbåtar (jf. avgrensinga av nauststorleiken i kommuneplanen), bubilar, mellomlager knytt til forretningar og verksemder generelt, samt anna lager knytt til husholdningar - er relevant. Terrengnivået for dei aktuelle bruksføremåla tilpassast funksjonen i høve til land- og sjønivå.

Planområdet gjeld eigedomane gnr. 59 bnr. 4 og 41, fylkesvegen (FV47) gjennom området og noko sjøareal. Arealet er på ca. 92 daa.

2018-05-16_1407.jpg - Klikk for stort bilete

I samsvar med § 12-9 i Plan- og bygningslova og Forskrift om konsekvensutgreiing, vert forslag til planprogram med konsekvensutgreiing for reguleringsarbeidet lagt ut til offentleg ettersyn. Planprogrammet legg opp til konsekvensutgreiing innanfor ein del tema som kommunen har vurdert å kunne ha vesentlege verknader som følgje av plantiltaket.

Tiltakshavarar er K. A. Aurstad AS (For eigar av gnr. 59 bnr.41 – Aurstad Holding AS), kontaktperson er Kjell Arne Aurstad.

Utførande konsulent er AG Plan og Arkitektur AS, kontaktperson er Kåre Gjengedal.

Grunneigarar, off. mynde og organisasjonar vert varsla i eige skriv. Varslingsdokumenta finn du ved å følgje denne lenka, eller ved å gå til www.ørstakart.no, og sjå planar til høyrin eller planar under arbeid.

Innspel til reguleringsarbeidet og framlegg til planprogram skal vere skriftlege og sendast til

AG Plan og Arkitektur AS
Webjørn Svendsen gate 12, 
6150 ØRSTA
 
innan 27.06.2018. E-post (ev skriv) skal vere merka: KLUBBEN II.
 

Besøksadr: Webjørn Svendsen gate 12, 6150 ØRSTA. Tlf 700 61 600

Illustrasjon/kart: AG Plan- og arkitektur AS

Sist endra 22.05.2018
Fann du det du leita etter?
Login for redigering