Varsel om oppstart: Detaljreguleringsplan for E39 Hovden - Osborg

2017-11-30_0845.jpg - Klikk for stort bilete

Statens vegvesen har varsla oppstart av arbeid med detaljreguleringsplan for E39 Hovden - Osborg

I juni 2015 vart det varsla planarbeid for strekninga Osskarelva - Osborg, men på bakgrunn av innspel og vidare planarbeid ønskjer vegvesenet no å utvide planområdet.

Føremålet er å få formelt plangrunnlag for å etablere gang- og sykkelveg på nordsida av E39. Planarbeidet vil også omfatte ein undergang under E39 samt utbetring av kryss og busslommer. Det vert også vurdert avkøyrslesanering.

Varslingsbrev og kart er tilgjengeleg i kommunen sitt planinnsyn eller på www.vegvesen.no/vegprosjekter

Vegvesenet ber om at synspunkt, innspel eller andre relevante opplysingar vert sendt skriftleg til firmapost-midt@vegvesen.no eller Statens vegvesen Region midt, postboks 2525, 6404 Molde innan 22.12.2017.

Sist endra 30.11.2017
Fann du det du leita etter?
Login for redigering